open menu

Vibeke Johnsen – Sogn og Fjordane

Kven er Vibeke Johnsen?

Eg er 50 år, oppvaksen i Trondheim og eg bur i eit gamalt hus ved fjorden i Sogndal med mann og son, og ei vaksen dotter på besøk innimellom. Eg har jobba i NAV i over tjue år, først med inkluderande arbeidsliv og no som leiar for NAV Kontaktsenter Sogn og Fjordane. Eg har vore studentpolitikar og leiar for SAIH (solidaritetsorganisasjonen til studentane). Eg likar meg på tur i skogen og på fjellet, er glad i bållukt og skiturar, og eg badar i fjorden heile året. Eg har vore mykje i handballhallar sidan eg var lita jente, og har spelt og vore trenar i Rapp, Charlottenlund og Sogndal.

Kva er dine hjartesaker?

Internasjonal solidaritet, klima og miljøvern og distriktspolitikk. Verda er rik og vi må jamne ut økonomiske og sosiale skilnader mellom folk lokalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi må vi gjere ein skikkeleg innsats for å snu dei menneskeskapte klimaendringane, og jobbe for at dei som kjem etter oss skal få dei same fantastiske naturopplevingane som vi har vore så heldige å få oppleve.

Kva er dei viktigaste sakene i Sogn og Fjordane?

Kamp mot fjordfylling i Førdefjorden, ein aktiv distriktspolitikk som stoppar sentraliseringa under Høgre/Frp, ein aktiv språkpolitikk for å styrke nynorsk, og god intergrering og inkludering av flyktningar som kjem til fylket vårt.

Kva er dei største utfordringane i samfunnet i dag?

Kampen mot klimaendringane, og kampen for betre fordeling av makt og ressursar. Tilliten mellom folk er størst i samfunn med små skilnader. Vi må ta vare på jorda og kvarande, og finne løysingar i fellesskap.

Kva er dine løysningar?

Distrikta treng industri, arbeidsplassar og ein aktiv nærings- og distriktspolitikk. Mineralnæringa må vere berekraftig, og vi skal alltid nytte føre var-prinsippet til forsvar for livsgrunnlaget vårt. Bonden må ha ei løn å leve av, slik landet framleis har levekraftige bygder og at vi produserer meir av maten vår sjølv.

Som bygdefeminist må eg seie lovfesta rett til faste, heile stillingar og likelønspott for å få auke kvinneløna, i tillegg til viktige utjamningstiltak som ei monaleg auke av barnetrygda.

Eg vil ta kampen vidare for å satse på gode språkstyrkingstiltak, slik at det er lett for nynorskelevane å halde fram å skrive nynorsk i ungdomsskolen, vidaregåande skule og på universitet og i arbeidslivet. Då treng vi god opplæring i å lære bort nynorsk i barnehagelærar- og lærarutdanningane.

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter