open menu

Ledig stilling som valkampmedarbeidar

Vil du bidra til eit politisk skifte etter valet?

SV har ledig eit engasjement som valkampmedarbeidar i 100% stilling, for perioden 1. januar til 31. desember 2021.

Arbeidsoppgåver

Alle tilsette i SV vil vere involvert i valkampen, men som valkampmedarbeidar vil du få eit sjølvstendig og særleg ansvar for utvikling og framdrift i ulike delar av denne. Vi kan særleg trekke fram:

  • Ansvar for den nasjonale ringesentralen i Oslo.
  • Innhaldsansvar for løpesedler og andre trykksaker til bruk i valkampen.
  • Ansvar for gjennomføring av ulike kampanjer gjennom valkampen .

Valkampmedarbeidaren vil vil samarbeide tett med SV si valkampleiing, og delta i fleire ulike arbeidsgrupper.

Om deg

  • Du er strukturert og sjølvstendig, og har svært gode evner til samarbeid.
  • Du har organisasjonsforståing og erfaring frå kampajearbeid.
  • Du har gode formuleringsevner og er språksikker, både i nynorsk og på bokmål.

Om stillinga

Føremålet med stillinga som er å fremje partiets politiske syn. Den som blir tilsett i stillinga må kunne tilslutte seg hovudtrekka i SV sitt politiske prosjekt og våre politiske program.

Stillinga blir løna etter Landsoverenskomsten mellom Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening  (AAF) og Handel og Kontor (HK) samt SV sin lokale lønspolitikk. Stillinga er innplassert i stillingskategori organisasjonssekretær, som tilsvarar eit lønsspenn frå lønssteg 34-51, etter kompetanse og erfaring. (Ft kr 415.218-576.734 i årsløn). 

Vi kan vi tilby eit kreativt, spennande og tidvis hektisk arbeidsmiljø, med engasjerte og dyktige medarbeiderarar. Vi har fleksibel arbeidstid, men du må pårekne noko kvelds- og helgearbeid.

Er du interessert i jobben? Registrer søknaden din på søknadsportalen på finn.no, og last opp CV og søknadsbrev innan 21. november (ny frist).

Om arbeidsplassen

SV har 12 tilsette på partikontoret, og i tillegg er det tilsett fylkessekretærar i alle fylker. Arbeidsstad for valkampmedarbeidaren er i utgangspunktet SV sitt partikontor på Tøyen i Oslo, men dette kan diskuterast.

Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetning, og å rekruttere medarbeidarar med minoritetsbakgrunn. 

Sosialistisk Venstreparti er i sterk vekst, og søkjer deg som vil vere med på arbeide for endå større opplutning . SV arbeider for eit rettferdig og miljøvenleg samfunn der viktige samfunnsoppgåver blir løyst i fellesskap, og der vi skaper eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få.

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter