open menu

SVs kvinnekonferanse 2014

SVs Kvinnekonferanse 2014 går av stabelen 18.-19.januar 2014. Konferansen er open, altså kvinner og menn, presse, ikkje-medlemmer er hjarteleg velkommen til å delta på konferansen.

Konferansen vert laurdag arrangert saman med faglig utval i SV og Fagforbundet og vil vere via Kvinner og Arbeidsliv. Vi får besøk frå Inga Manndal, SV ordførar i Gamvik kommune som har fjerna ufrivillig deltid, og konferansen vert opna av nestleiar i Fagforbundet Sissel Skoghaug og vår eigen nestleiar Inga Marte Torkildsen. Vi får glimt frå kvinnerike arbeidsplassar i privat sektor frå forbundsleiar i Handel og Kontor, Trine Lise Sundnes. I tillegg set vi familie og arbeidsliv på agendaen, der vi inviterer til samtale med Gerd Liv Valla.

Sundag vil vi mellom anna ha fokus på ståa for internasjonal sexindustri. Pierrette Pape er Policy Officer and Project Coordinator for European Women’s Lobby og koordinerer EWL campaign ‘Together for a Europe free from prostitution’ and the network of abolitionist NGOs ‘The Brussels’ Call’. Dagrun Eriksen frå Krf kjem for å diskutere strategi for å bevare sexkjøpslova. Vi ynskjer dessutan Amal Aden velkommen til å halde æresførelesing til minne om Shilan Shorsh.

Konferansen vert avslutta med ein eigen bolk om «Særegen kvinneorganisering i SV». Her vil det komme meir informasjon etterkvart om arbeidet med eigen kvinneorganisasjon i SV.

Her er program:

Kvinnekonferansen 2014 – program

Formell påmelding vert gjort på denne elektroniske nettsida: http://www.eventbrite.com/event/9267729027.

Konferansens facebookhending er her.

Konferansen vert arrangert i Fagforbundets lokalar i Oslo Sentrum, Keysers gate.

Konferansen har ei deltakaravgift på kr 300,-. Denne er frivilling, men vi oppmoder alle lønnsmottakarar, og andre som har råd, til å betale den. I konferanseavgifta er lunsj begge dagane inkludert. Middag laurdag kveld er derimot ikkje inkludert. Denne vil verte arrangert på eit utested i Oslo sentrum.

Vi har dessverre ikkje pengar til å dekke reise til konferansen. Det må den einskilde ta opp med sitt eige fylkeslag og lokallag i SV og aktuelt forbund.

Har du spørsmål ta kontakt med kvinnepolitisk leder Marthe Hammer (Mobil: 97672203, e-post: mchammer@online.no)

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter