Transport av gods og menneske er av dei sektorane som slepp ut mest klimagasser i Noreg, og derfor trengs det ein offensiv omlegging av transportsektoren. SV seier nei til ferjefri E39 og andre kostbare og miljøfiendtlige motorveiprosjekt slik at vi får råd til å satse på kollektiv, sykkel og gange og trygge vegar i distrikta.
SV sine forslag til løysingar:
- Vegutbyggingar som motvirkar målet om at all vekst i persontrafikk i byr og tettstader skal takast med kollektiv, sykkel og gange, skal ikkje gjennomførast.
- Prioritere trygge vegar og betre fergetilbod i distrikta framfor motorveger inn mot byane. Rassikring, vedlikehald, trygglei, to køyrrefelt i hele riksvegnettet, gang- og sykkelstiar og betre fergetilbod skal prioriterast framfor store prestisjeprosjekt.
- Ved planlegging av nye vegar skal omsynet til syklande og gåande prioriterast først.