SV vil legge til rette for meir sykling. Sykkel er av våre mest effektive og miljøvennlige transportmiddel, særleg i byområda. Skal vi nå det klimavenlege nullutslippssamfunnet der lufta er trygg og rein å puste i, må vi legge til rette for at fleire syklar. Vi vil legge til rette for syklande og gåande framfor biltrafikk.
SV sine forslag til løysingar:
- Prioritere syklande og gåande framfor bilen.
- Bygge fleire samanhengande og fråskilte gang- og sykkelvegar.
- Sørge for betre vedlikehold av gang- og sykkelvegane, gjennom heile året.
- Premiere kommunar som satsar på sykkel.
- Forenkle vikepliktsreglane for sykkel.
- Fjerne parkeringsplassar der dei kjem i konflikt med utbygging av sykkel- og gangvegar.