open menu

Rovdyr

SV vil sikre levedyktige bestandar av de fire store rovdyra i Noreg som lever på det norske fastlandet: gaupe, jerv, bjørn og ulv. Dei er alle sterkt eller kritisk trua av utrydding.

Noreg har på same måte som andre land eit ansvar for å ta vare på dyrelivet. Vi har tidlegare utrydda både ulv og bjørn frå norsk natur. SV var ikkje med på ulveforliket som vart inngått i Stortinget før sommaren 2016. Vi meiner det er plass til fleire ulv enn dei 3 heilnorske ynglingane som stortingsfleirtallet vedtok som mål. Vårt forslag var at det skulle vere minst 6 heilnorske ynglingar.

SV meiner bruk av utmarksbeite er svært viktig. Sau, storfe, geit og rein som beiter i utmarka er ein miljøvenleg form for matproduksjon fordi det baserer seg på lokale ressursar og ressursar som menneska vanskelig kan nytte til matproduksjon direkte. Det må også løyvast tilstrekkeleg midlar til forebyggande og konfliktdempande tiltak der utmarksbeiting er mogleg. Ein må tilby støtte til omstilling der kor fellesskapet prioriterer å ha rovdyr.

SV vil:

  • Sikre levedyktige bestandar av våre rovdyr.
  • Sikre et landbruk der utmarksressursane nyttast.
  • Auke støtten til forebyggande og konfliktdempande tiltak.
  • Tilby støtte til omstilling i område der fellesskapet vel å prioritere rovdyr.
  • Hindre svekking av naturmangfaldloven.

Les også: Naturvern, og Truede arter

Tilbake til «SV fra A til Å»

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter