open menu

Profitt i velferd

Skattepengane våre skal gå til velferd for alle, ikkje til profitt for nokon få.  

Når velferdstenester, som barnehagar, barnevern og eldreomsorg, blir privatiserte er det vanskelegare å sikre god kvalitet på tenestene. Samtidig blir pengar flytta frå fellesskapet til private lommer.  

Det er forskjell på å gi velferd og å drive butikk. Det er difor problematisk å organisere velferda vår som ho var ein marknad. Det er krevande å sikre god kvalitet på tenestene når dei som driv tenestene skal tene pengar på det. Samtidig blir det vanskelegare for demokratiet å styre tenestene.  

 SV vil: 

  • Arbeide mot profitt på velferdstenester, med særleg vekt på barnehagar, barnevern og eldreomsorg.  
  • Stanse all profitt innan alle velferdstenester som er finansierte eller delfinansierte av det offentlege. Der det er påkravd, vil SV innføre ein regel om at ein berre kan ta ut ein avgrensa profitt på investert kapital, og ikkje av offentlege tilskot eller eigenbetalingar. 
  • At all bruk av kommersielle konsulentselskap i staten revurderast. 
  • Avvikle tilbodsordningar, bestillar/utførar-modellar, og andre styringssystem tilpassa marknad og konkurranse, i velferda. 
  • Garantere tilstrekkeleg finansiering av velferdstenestene i framtida for å sikre eit fagleg solid tilbod til alle, og at frivilligheita kan bevarast som frivilligheit. 

Tilbake til «SV fra A til Å».

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter