Olje- og gassindustrien har gjeve arbeidsplassar og store inntekter i Noreg, men utvinning og bruk av fossil energi har også store skadevirkningar. Klimaendringane er i gang. I Noreg opplever vi styrtregn, flom og ras, men aller hardast rammast menneske i fattige land. Verda har allereie funne meir olje, kol og gass enn klimaet toler å hente ut om vi skal unngå øydeleggande klimaendringar. SV seier derfor nei til å gje oljeindustrien nye leiteløyver for å finne meir fossil energi, vi vil ha ei høy co2-avgift på sokkelen og elektrifisera felta som er i produksjon.
Fornybar energi utkonkurrerer i stadig større grad fossil energi på pris. Vi har allereie fått merke i norsk økonomi korleis ein nedgang i lønnsemda i oljesektoren raskt påverkar arbeidsløyse og vekst. Det er avgjerande for Noreg å klare å omstille seg fra eit fossilt til fornybart samfunn så raskt som mogleg.
SV kjem ikkje til å godta oljeboring i Lofoten, Vesterålen og Senja. I fleire stortingsperiodar har vi hinda oljeindustrien å bore i dette området. Lofoten, Vesterålen og Senja, Møreblokkene, Skagerrak, iskanten, polarfronten, Jan Mayen og andre uopna område på norsk sokkel, skal vere fri for olje. Me vil at vi skal legge de miljøfaglege råda til grunn når iskanten skal fastsettas.
SV sine forslag til løysingar:
- Noreg skal la olje og gass bli liggande, til beste for klima og i respekt for kommande generasjonar. SV går mot nye oljeutbyggingar, og mot å la oljeindustrien få nye areal dei kan leite etter olje og gass på.
- Vi vil sørge for at sårbare og verdifulle område som Lofoten, Vesterålen, Senja, Møreblokkene, iskanten, polarfronten og uåpnede deler på norsk sokkel forblir utan petroleumsverksemd.
- Noreg skal bli fritt for fossile utslepp innen 2040.
- Bruke eigarmakta til staten i Equinor, tidligare Statoil. Styrke forsking og innovasjonsmidlar med mål om å gradvis fase ut oljeproduksjon. Selskapet skal ikkje investere i tjæresand.
- Trekke Statens pensjonsfond utland ut av alle investeringar i fossil energi.
Les også: Oljefondet ut av fossil energi, Oljefrie Mørebankar, Oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja