For å ta vare på planter og dyr, må vi sikre leveområda deira. Det gjer vi mellom anna gjennom å opprette nasjonalparkar. Nasjonalparkane representerer nokon av våre flottaste naturområde og er med på å sikre at naturen går i arv. Den fyrste nasjonalparken, Rondane, fekk vi i 1962. I dag har vi 47 nasjonalparkar. Nasjonalparkane har vore avgjerande for å ta vare på større område utan særlege inngrep. Ein stor mangel ved dei norske nasjonalparkane, er at få ligg ved kysten. Dette er område som har eit svært rikt plante- og dyreliv og områder SV vil prioritere å opprette fleire nasjonalparkar i.
SVs forslag til løysingar:
- Utarbeide ein ny nasjonalparkplan. Vi vil særlig vektlegge oppretting av nasjonalparkar som har ein type natur vi har teke for dårlig vare på, til dømes kystnære områder.
- Opprette nasjonalpark i Østmarka i Oslo og Akershus og rundt Preikestolen i Rogaland.
- Utvide og forsvare verneplanane for vassdrag. Vi vil ikkje bygge ut verna eller verneverdige vassdrag. Vi vil utarbeide ein eigen plan for vern av kystnær vassdragsnatur.
- Sikre 10 prosent av havområda innenfor territorialgrensen gjennom marine verneplanar
- Sikre 10 prosent vern av den produktive skogen.
- Utvide dagens ordning med utvalde kulturlandskap der ein sikrar skjøtsel.
- Grunnlovsfeste allemannsretten for å styrke naturgrunnlaget til friluftslivet.
- Sikre kvardagssnaturen gjennom ei lov som sikrar grenser for utbygging i naturområda rundt dei større byane.