open menu

Klimakutt

Klimatoppmøtet i Paris gav verda klar beskjed: Me må kutte utsleppa våre no for å kjempe mot farlege klimaendringar.  Det er dei rike landa som forureinar mest, medan dei fattige landa blir hardast råka av klimaendringane. Men klimaendringane rammar også Noreg. Når temperaturen aukar, får me enda meir ekstremvêr, styrtregn og flaum. Me har nesten dobbelt så høge klimagassutslepp per person som det Sverige har. Og sjølv om norske utslepp no går noko ned, så er ikkje nedgangen stor nok til at Noreg klarte å nå Stortingets klimamål for 2020. SV fønskjer at Noreg skal kutte utsleppa fram mot 2030 med 60 %. Innan 2040 skal Norge være fritt for fossile utslepp. Dette kommer til å bli krevjande, men det er nødvendig for å nå måla. 

SV sine forslag:

  • Me vil sikre eit oljefritt Lofoten, Vesterålen og Senja. Me vil heller ikkje ha oljeverksemd i Møreblokkene, iskanten, polarfronten og dei delane av norsk sokkel som ikkje er opna. SV vil at olje og gass skal bli liggande og går mot nye oljeutbyggingar og nytt areal til leiting etter olje og gass.
  • Prioritere kollektivtrafikk, sykkel og gange framfor motorvegar inn mot byane.
  • Utbygging av lyntog, og Nord-Norge banen framfor utviding av flyplassar ved dei store byane. Me sei nei til en tredje rullebane på Gardermoen. 
  • Innan 2021 skal 9 av 10 nye bilar som blir selt vere nullutsleppsbilar.
  • Utnytte potensialet for energi-effektivisering i industri, næringsbygg, offentlige bygg og hushald.
  • Kutte utslepp frå industrien med ny teknologi, og sette fullt i gang med pilotprosjekta på fangst og lagring av CO2. Fase ut all bruken av fossil energi i industrien.
  • Ha forbod mot bruk av olje og gass til oppvarming av bygg og i fjernvarmeanlegg.
  • At oljefondet trekk seg ut av investeringar i fossil energi.
  • SV har utarbeidd ein forpliktande plan for å kutte norske utslepp med 5 millionar tonn CO2-ekvivalenter denne stortingsperioden. Det kommer me til å utvikle vidare frem mot ein ny stortingsperiode. 
  • Trappe opp satsing til Noreg på bevaring av regnskog og fornybar energiutbygging i fattige land.
  • SV har tatt til ordet for eit nytt klimaforlik. Skal måla for 2030 nås trengs det raske tiltak nå. 

Tilbake til «SV fra A til Å»

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter