Noreg treng ei omstilling til eit grønnare, tryggare næringsliv. Dei farlege klimaendringane viser oss at me må legge om frå å lene oss tungt på olja, som gir store klimautslepp, til andre næringar med lågare utslepp. Ved å skape eit meir mangfaldig næringsliv, bygd på våre fortrinn – som god tilgang på naturressursar, solid fagkunnskap og små forskjellar, kan me trygge fleire arbeidsplassar for framtida .I dag skjer endringane i næringslivet fort, mellom anna innanfor fornybar energi og digitalisering. SV vil føre ein aktiv næringspolitikk som rustar oss best mogleg for dei endringane.
SV vil:
- Gjenreise den aktive næringspolitikken. SV vil gjenreise den aktive statlege eigarskapen, og bruke statens eigarmakt til å utvikle ny industri, nye arbeidsplassar og løyse klimaproblema.
- Utarbeide ein nasjonal strategi for grøn industriutvikling med eigne program og næringssatsingar i sektorar der Norge har gode føresetnader for å lukkast. Kompetanse fra olje- og gassindustrien kan bidra til å utvikle nye områder.
- Satse på grønn reindustrialisering, gjennom etablering av eit testsenter for fornybar offshore energi og regionale pilottestsentre for industrialisering av ny teknologi.
- Skape nye marknader. Med ein aktiv grønn innkjøpspolitikk, teknologidrivande støtteordningar og strenge krav til deponering av avfall, skal norsk miljøvenleg teknologi videreutviklast til eksportnæringar.
- Ha ein etter- og videreutdanningsreform der arbeidstakarane får rettar til betalt permisjon for etter- og videreutdanning.
SV har mykje politikk for grønn omstilling, og lista over er kun eit utdrag. Les meir om kva SV vil i SVs arbeidsprogram
Les også: om grønn omstilling i rapporten til SV frå 2016