Norge må styre mot det klimavenlege nullutslippssamfunnet. I og rundt byane må det køyrast langt mindre bil enn i dag for å sikre ein mer effektiv trafikk og for at alle skal få trygg og rein luft å puste i. Men nokon vil framleis trenge bilen. Derfor må elektriske biler ta over for fossilbilane. Slik fasar vi inn teknologi som sikrar at heile transportsektoren kan gå på fornybar energi.
Målet til SV er at ni av ti nye biler som seljast i Noreg skal vere nullutslippsbilar innan 2021, i 2019 var 42,4 % av alle nye bilar elektriske. Innan 2025 skal alle nye bilar som seljast vere utan utslepp, det er også eit at de viktigaste kuttene for å oppnå klimamålene for 2030. Politikarar er flinke til å love store kutt i klimagassutslepp langt fram i tid, men klimapolitikk fungerer dårlig som skippartak. Utsleppa må kuttast no. Elbilen er eitt viktig verkemiddel som skal bidra til dette.
SVs forslag til løysingar:
- Bruke kjøpsavgiftene for nye bilar slik at elbilen vinn over bensin- og dieselbilane i nybilsalet.
- Nullutsleppskøyretøy alltid skal ha maksimum halv pris på fossilbilar på parkering, bomringar og ferjer.
- Kollektivtransporten og taxinæringen skal vere utsleppsfri. SV vil sette krav i offentlege anbud og løyver om utslippsfri kollektivtransport og taxinæring.
- Det skal stillast krav om høg del ladeplasser for elbil ved alle parkeringsanlegg.
- Nye bygg skal ha tekniske anlegg som gjer lading av elbilar mogleg.
- Eigarar i burettslag, eierseksjonssameige og sameige rett til å etablere ladepunkt med mindre det fins saklig grunn mot det.