open menu

SV skal bli et ja-parti!

– Ein miljøvennleg politikk handlar ikkje om å deindustrialisere, men om å industrialisere på nytt. Vi vil at Norsk industri skal vere med på det teknologiske spranget som no skjer i Europa , sa Inga Marte Thorkildsen til partiets landsmøte søndag.

SVs nyvalde nestleiar Inga Marte Thorkildsen tala søndag til landsmøtet om arbeidet med partiets nye arbeidsprogram. Thorkildsen er også leiar i komiteen som arbeider med dette programmet, som skal handsamast på SVs landsmøte neste år. Fram til da skal partiet ha ein grundig og omfattande prosess – med opne debattar, debattmøter rundt omkring i landet og med innspel frå folk og organisasjonar utanfor partiet.

– Vår generasjon politikere har eit stort ansvar, sa Thorkildsen.

Ho la stor vekt på kor mykje industrien kan tene på ein betre miljøpolitikk, og på å bygge ned illusjonen om at desse står i motsetnad til kvarandre.

– SV kan bygge bro mellom fagrørsla og miljørørsla, slo ho fast, og påpeika at ein miljøvennleg politikk ikkje handlar om å deindustrialisere, men om å industrialisere på nytt. Thorkildsen føyde seg med dette inn i ei stadig veksande rekke av SV-politikarar som ser miljø og industri i samanheng – og koss dei kan bygge opp under kvarandre, ikkje bryte ned.

Nestleiaren stilte seg også tydeleg på arbeidsfolks side i talen:

– SV er partiet som tør å stå oppreist for vanlige arbeidsfolk, også når det blåser frå EU, sa ho.

Særleg la ho fokus på kor viktig det er med retten til å ha ein fast jobb og full stilling.

– De som snakker om frihet, kan forsøke seg som midlertidig ansatt. Frihet er å vite at du har arbeid, når du skal jobbe og hva du skal tjene. Ingen har frihet hvis de ikkje samtidig har trygghet og makt over eigne liv, slo Thorkildsen fast.

 

Du kan lese heile tala her.

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter