Landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti valde i dag med overveldande fleirtal Audun Lysbakken som ny partileiar.
Audun Lysbakken vart i dag vald som Kristin Halvorsens etterfølgjar. Han har lenge vori annonsert som partiets kommande leiar, og fekk i dag tydeleg støtte frå partiet. Lysbakken var einaste kandidat til vervet, og hadde ein einstemmig valkomité i ryggen. Han fekk til slutt stemmane frå 192 av landsmøtets 207 delegatar.
Heikki Holmås var lenge Lysbakkens hovudkonkurrent om leiarvervet. Han trakk sitt kandidatur før årsmøtet, og oppfordra sine tilhengarar til å stemme på Lysbakken: «Hadde eg hatt stemmerett her i dag, så hadde eg stemt på Audun som ny leiar av SV», sa Holmås frå landsmøtets talarstol.
Lysbakken får med seg stortingsrepresentant Inga Marte Thorkildsen i den nye leiinga. Ho tar over etter Lysbakken som nestleiar. Nestleiar Bård Vegar Solhjell var ikkje på val, og fortsett dermed som den andre nestleiaren i partiet.
Foto: Stig Weston