Vil du vere med å utvikle SVs partiorganisasjon? Har du idear som kan gi auka aktivitet i lokallaga og som kan engasjere og involvere medlemmer? Har du erfaring frå organisasjons- og skoleringsarbeid? Blir du motivert av å bygge frivillige, leie arbeidsgrupper og av å arbeide med digitale organisasjonsverktøy? Då er du kanskje personen vi leiter etter.
Ein av våre dyktige medarbeidarar skal ha permisjon i to år, og vi søkjer etter ein vikar for denne perioden.
Kva kan du forvente deg hos oss?
Som organisasjonsrådgjevar vil du inngå i eit kollegie med dyktige og engasjerte medarbeidarer, både på partikontoret i Oslo og i SV sine fylkeslag. Du får ansvar for å utvikle og koordinere arbeidet med lokallagsoppfølging og medlemspleie, i ein partiorganisasjon i sterk vekst. Berre dei tre siste åra har medlemstalet i SV auka med over 50%!
Stillinga har eit stort ansvarsområde, med varierte arbeidsoppgåver:
- Strategiske og operativt arbeid med lokallagsoppfølging og medlemspleie.
- Utvikling, vedlikehald og formidling av skoleringsressursar retta mot medlemmar og lokallag.
- Koordinering av SV sine ressurser til medlemspleie, medlemstilbod og verving.
- Arbeide for høg medlemslojalitet og gjenbetalingsrate i partiet
- Utforming av nyheitsbrev til lokallagsleiarar og medlemmer i SV frå partiet sentralt.
- Rådgjeving for fylkessekretærar og lokallagsleiarar i bruk av ulike verktøy for medlemshandtering.
- Deltaking i eit av våre regionale team som førebur stortingsvalet i 2021
- Budsjettstyring og økonomioppfølging
Stillinga vil elles bidra i arbeidet med å utvikle partiorganisasjonen, i tråd med overordna føringar i arbeidsplanen vedteke av SV sitt landsstyre.
Kva ønskjer vi frå deg?
- Du kan tilføre partikontoret og stillinga relevant utdanning og/eller arbeidserfaring
- Du har organisasjonserfaring, enten som tilsett eller tillitsvalgt.
- Du er ein blid og omgjengeleg kollega, med gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig.
- Du er ein strukturert arbeidstakar, med engasjement for dei politiske sakene SV arbeider for.
Du må vere innstilt på å gjennomføre alt frå rutineoppgåver og oppfølging av interne og offentlege rapporteringar, til å medverke i den strategiske utviklinga av partiorganisasjonen.
Kva kan vi tilby deg?
Ei 100 % stilling, i eit toårs vikariat. Oppstart så snart som mogleg.
Stillinga blir løna etter Landsoverenskomsten mellom Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening (AAF) og Handel og Kontor (HK) samt SV sin lokale lønspolitikk. Stillinga er innplassert i stillingskategori rådgjevar, som tilsvarar eit lønsspenn frå lønssteg 40-57, etter kompetanse og erfaring. (Ft kr 467.634-646.034 i årslønn).
Det er fleksitid i stillinga, og du må rekne med noko kvelds- og helgearbeid i samband med reiser, møter og seminar. Arbeidsstad vil vere på SV sitt partikontor på Tøyen i Oslo.
Søknad og CV (ingen andre vedlegg) sendast via Finn.no. innan 13. mars 2020.