open menu

Næringskonferanse i Molde

Som ledd i skuleringa før kommune- og fylkestingsvalet neste haust inviterer Møre og Romsdal SV, Sør-Trøndelag SV og Sogn og Fjordane SV partifeller over heile landet til konferanse om næringspolitikk i Molde helga 8.- 9. november.

Det vert innleiingar om korleis vi kan vri innsatsen frå eit oljedrive næringsliv til framtidas grøne arbeidsplassar, om kva verktykasse som virkar, og om rammevilkår. Stortingsrepresentant Torgeir Knag Fylkesnes frå Troms vert med oss, i tillegg til mange andre gode innleiarar både innanfor partiet og folk som som gjev oss eit skråblikk utanfrå. Kva utfordringar møter nyetablerarar? Og korleis kan vi legge tilrette for folk med gode idear får å få realisert dei?
Sjekk ut programmet her!

Laurdagskvelden vert det tur til Bioforsk økologisk på Tingvoll, med fagleg program og økologisk kveldsmat! Vi skal ha det kjekt i lag!

Vi legg opp til ein lågkostkonferanse med høve til privat overnatting for dei som ynskjer det, hotell for dei som har lokallag med litt midlar.

Vi vonar mange allereie no vil setje av helga 8.- 9. november til tur til Møre og Romsdal. Hit kan ein kome frå alle kantar: til fots, med bil, med tog (i alle falle eit stykke), med buss, båt og hurtigrute!

Har du spørsmål kan du ta kontakt med Ingrid Opedal (ingrid.opedal@gmail.com / 907 80 534)

 

 

Praktisk informasjon    

Stad:
Bergmo ungdomsskole i Molde.

Reise:
Fredag:

Fly:

  • SAS Oslo-Molde: siste fly avreise 19.45 ankomst  20:40
  • Norwegian Oslo-Molde: siste fly avreise 22:00 ankomst 23:00
  • Widerøe Bergen-Molde: siste fly avreise 19:25 ankomst 20:20
  • Widerøe Trondheim-Molde: siste fly avreise 17:00 ankomst 17:45.

Hurtigruta:

  • Nordgåande kjem til Molde Brygge kl. 18:00; Sørgående kjem til  Molde Brygge kl. 21:00.

Tog:

  • Oslo-Molde: avreise 14:02 ankomst ca 21:30 (buss siste strekket)/ avreise 16:02 ankomst ca 23:00 (buss siste strekket)
  • Tr.heim-Molde: avreise 14:24 ankomst ca 21:30 (buss siste strekket)/ avreise 16:18 ankomst ca 23:00 (buss siste strekket)

Lørdag:

Fly:

  • SAS Oslo-Ålesund (leigebil):første fly avreise 07:45 ankomst 08:45.

Søndag:

Hurtigrute og tog passar dårlegare på returen pga lang reisetid.

Fly:

  • SAS til Oslo: avreise 17:10 ankomst 18:00/ eller 21:05 -21:55
  • Norwegian til Oslo: avreise 15:30 ankomst 16:25/ eller 17:30-18:25
  • Widerøe til Bergen: avreise 17:50 ankomst 18:50/ eller 20:50- 21:50

Overnatting
Vi ordnar privat overnatting. For dei som vel hotell, tilbyr  Comfort Hotel Nobel enkeltrom for 690,  dobbeltrom for 890 og 3-sengsrom for 1190. De tingar rom sjølve, men viser til tilbodet til SV’s næringskonferanse.

Pris
Konferanseavgift kr 400,- inkluderer pausemat, lunsj begge dagar og middag laurdagskveld. Betal ved påmelding til kontonummer 0540 04 72884.

Påmelding:
Innan 31. oktober til i dette skjemaet.

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter