open menu

Vi søker distriktssekretær for Vestlandet

Er du personen vi leiter etter? Vil du vere med å vidareutvikle partiorganisasjon til SV og førebu partiet til valkampen i 2017? Har du idear som kan gje oss auka aktivitet i lokallag og fylkeslag? Har du erfaring frå organisasjonsarbeid? Ønsker du å jobbe for at SV skal få gjennomslag for sin politikk for miljø og rettferd? Da er du kanskje personen vi leiter etter.

 

Arbeidsoppgåver

Distriktssekretæren vil i samarbeid med fylkesstyra i dei tre fylka Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal ha ansvar for å styrke arbeidet i lokallaga og stå for den praktiske planlegginga og gjennomføringa av organisatoriske satsingar vedtatt for fylka, i tett samarbeid med resten av SV-kontoret i Bergen. Arbeidsoppgåvene vil variere gjennom året, men mellom anna innebere:

  • Oppfølging og kommunikasjon med lokallag og medlemmar
  • Planleggje og delta i valkamp
  • Organisering av konferansar og møter
  • Daglege kontorfunksjonar som til dømes e-post, telefon og post.
  • Oppdatering på nettsidar og sosiale media.

 

Kvalifikasjonar

Vi søker ein strukturert person med erfaring frå organisasjons- og/eller kampanjearbeid, og engasjement for dei politiske sakene SV arbeider for. Stillinga byr på varierte arbeidsoppgåver, og vi treng ein ryddig og drivande person. Distriktssekretæren må vere innstilt på å gjennomføre alt frå rutineoppgåver og oppfølging av interne og offentlege rapporteringar, til å bidra i den strategiske utviklinga av SV sin partiorganisasjon.

 

Om deg som søker

Du har gode kommunikasjonsevner som du veit å bruke for å motivere andre. Du har erfaring frå media og/eller skriveerfaring, og du bruker begge målformer. Personlig dugleik vil bli vektlagt. Førarkort for bil er ønskeleg.

 

Vi tilbyr

Fast stilling som blir lønna etter landsoverenskomsten mellom Arbeiderbevegelsens Arbeidsgiverforening og Handel og Kontor i lønnsgruppe 4. Det er fleksitid i stillinga og ein må rekne med noko kvelds- og helgearbeid i forbindelse med reiser, møter og seminar. SV sentralt vil vere arbeidsgjevar for den tilsette, men arbeidsstad vil vere SV-kontoret på Folkets hus i Bergen.

Vil du vite meir om stillinga kan du kontakte fylkesleiar i Hordaland SV Gina Barstad (ginabarstad@gmail.com / 97655123 ) eller partisekretær Kari Elisabeth Kaski (kari.elisabeth.kaski@sv.no / 90990131).

 

Søknadsfrist: 20. mars.

Søknad med CV og referansar skal ein sende til nora.fjelddalen@sv.no. Ønskt tidspunkt for tilsetting er våren 2016 eller etter avtale.

 

 

Del dette Del dette på Facebook Del dette på Twitter