Sosialistisk Venstreparti er i vekst og søker deg som vil vere med på laget. SV arbeider for eit rettferdig og miljøvenleg samfunn der viktige samfunnsoppgåver blir løyst i fellesskap, og der vi skaper eit samfunn for dei mange – ikkje for dei få.
SV har omlag 12 000 medlemmer i 300 lokallag over heile landet. Partikontoret har for tida 11 tilsette, og blir leia av partisekretæren.
…
Til SV sitt partikontor søker vi ein ryddig og serviceinnstilt person med engasjement for SV. Vi søker deg som vil sørge for at folk som kontaktar SV får eit godt inntrykk av partiet, og gode svar. Du må vere allsidig, og vil få ansvar for ei rekke ulike administrative oppgåver.
Stillinga skal dekke administrative og merkantile behov på partikontoret, vedlikehalde medlems- og organisasjonsregisteret og elles medverke til at SV sitt partikontor fungerer godt.
Arbeidsoppgåvene vil mellom anna vere:
- Handtering av sentralbord og førespurnader på e-post og sosiale medier .
- Oppdateringar og utvikling av medlemsregisteret.
- Oppfølging og oppdatering av e-postlister og nettsider.
- Kontorfunksjonar som rekvisitabestillingar, møteromsbestillingar m.m.
- Organisering i samband med interne seminar o.l.
- Reisebestillingar og praktisk tilrettelegging ved møter og andre større nasjonale arrangement.
- Delta i arbeidet for forbetra medlemspleie.
- Fakturering og anna støtte for økonomisjef.
Vi leitar etter deg som:
- Kan gje folk eit høfleg og profesjonelt møte med partiet.
- Arbeider ryddig og effektivt, med god gjennomføringsevne.
- Har god skriftleg og munnleg framstillingsevne.
- Handterer eit breitt spekter av arbeidsoppgåver.
- Har kjennskap til SV sin organisasjon og politikk.
- Har god datakunnskap og meistrar Office-pakken godt.
- Har gode samarbeidsevner.
Vi kan tilby eit kreativt, spennande og tidvis hektisk arbeidsmiljø. Det daglege arbeidet blir utført på partikontoret til SV på Tøyen. Det er fleksibel arbeidstid i stillinga, og det må påreknast noko kvelds- og helgearbeid i samband med møter og seminar. Løn i samsvar med tariffavtale mellom HK og AAF.
Oppstart august 2018 eller etter avtale.
Det er eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert kjønnssamansetning, og å rekruttere medarbeidarar med minoritetsbakgrunn. Arbeidsplassen vil bli tilrettelagt for personer med nedsett funksjonsevne.
Søknad og CV rettast til dagleg leiar på partikontoret Eli Ulvestad innan 27. juni. Send gjerne søknaden via søknadsportalen på finn.no.