Sel SV er et lokallag i Innlandet SV.
Kontakt lokallaget
Leder: Anne-Brit Bismo
E-post: b-bism@online.no
Opprop for borna i Moria
Sel kommunestyre har slutta seg til aksjonen «Evakuer barna fra Moria nå» etter initiativ frå Sel SV. Les meir her
Lokallagets møter
- Styremøte 9. februar (referat)
- Årsmøte
- Styremøte 19. januar (referat)
- Medlemsmøte 8. desember (referat)
- Medlemsmøte og bedriftsbesøk, 14. oktober (invitasjon)
- Styremøte 5. mai 2020 (referat)
Vedtak fra møtet: Forslag til Innlandet SV om å opprette næringspolitisk utvalg - Årsmøte 26. januar 2020 (protokoll)
Kommunestyret
Sel SV har en representant i kommunestyret: Truls Gjefsen. Her kan du lese mer om Truls.

Valprogram 2019
Sel SV er eit lokallag av Sosialistisk Venstreparti, og arbeider i tråd med prinsipprogrammet og arbeidsprogrammet til partiet. Vi har for tida ein representant i kommunestyret.
Her kan du laste ned valprogrammet som PDF.
Miljø
Vi treng ein systemkritisk politikk for å nå målet om eit klimanøytralt samfunn.
Sel SV vil:
- arbeide for ein offensiv klimaplan i Sel kommune
- fortsette satsing på energiøkonomisering
- at Sel kommune stiller miljøkrav ved alle innkjøp av varer og tenester
- vere restriktive til omdisponering av dyrka mark
- at bioenergi må få ein større plass, støtteordningar for rydding må halde fram
- oppretthalde og utvide kjeldesorteringa i Sel kommune
- ha strenge retningslinjer for bruk av motorkjøretøy i utmarka og fjellområda våre
- verne om allemannsretten med like rettar for friluftsliv, jakt og fiske for alle i kommunen
- ha eit godt utbygd løypenett for ski- og turgåing med minst mogleg forstyrringar frå motorferdsel.
Distriktspolitikk
Kommuneøkonomien må styrkast, slik at kommunen kan utvikle best mogleg tenester og styrke lokaldemokratiet.
Sel SV vil:
- arbeide for å få fleire arbeidsplassar i regionen
- leggje til rette for busetjing i grendene
- seie nei til nedlegging av Nortura-anlegget i Sel
- arbeide for at Nord-Gudbrandsdal lokalmedisinske senter blir ei drivkraft i helsearbeidet i regionen.
Næring, jord- og skogbruk
Sel kommune må leggje til rette for å utnytte dei store ressursane innan landbruk, handverk og bioenergi.
Sel SV vil:
- hjelpe dei som ønskjer å starte, eventuelt leggje om, for eksempel innan industri og grøn omsorg
- at miljøvenlege verksemder må få moglegheiter, støtte og rettleiing for å etablere seg og å utvikle seg
- at dei som vil drive økologisk matproduksjon, må få støtte
- at små berekraftige bruk må få tilleggsjord slik at det vert eit levande landbruk i framtida
- at det vert satsa på fjellandbruk, som er viktig for å auke matproduksjonen.
Sel SV vil:
hjelpe dei som ønskjer å starte, eventuelt leggje om, for eksempel innan industri og grøn omsorg
at miljøvenlege verksemder må få moglegheiter, støtte og rettleiing for å etablere seg og å utvikle seg
at dei som vil drive økologisk matproduksjon, må få støtte
at små berekraftige bruk må få tilleggsjord slik at det vert eit levande landbruk i framtida
at det vert satsa på fjellandbruk, som er viktig for å auke matproduksjonen.
Kommunen som arbeidsgjevar
Vi treng eit trygt og organisert arbeidsliv, der faste stillingar er hovudregelen.
Sel SV vil:
- vera bevisste arbeidsgjevarrolla vår
- fremme fagorganisering for å utvide vanlige folks økonomiske makt, og for eit betre arbeidsliv
- ha likestilling i hele kommunen
- arbeide for å auke grunnbemanninga innan helse og barnehagar
- arbeide for å avgrense bruk av midlertidige tilsette
- at dei tilsette skal få tillit og moglegheit til å bruke tida og kompetansen sin på det som gjev den enkelte best tenester
- seie nei til privatisering
- opprette fleire lærlingplassar.
Helse og sosial tryggheit
Vi må arbeide for å utvikle helse- og sosialtenestene vidare. Vi vil kjempe for å sikre full finansiering av tenestene.
Sel SV vil:
- at mødrer som kjem heim med eit nyfødt barn, raskt får besøk av jordmor/helsesjukepleiar
- ha ei god helse- og sosialteneste for barn og unge
- ha familievikar som kan støtte familiar i ein vanskeleg situasjon
- arbeide mot mobbing og finne gode løysingar for dei som blir ramma
- jobbe mot vold mot kvinner og barn
- ha god profesjonell hjelp til dei som slit med psykiske problem og rus
- vidareutvikle tiltak mot barnefattigdom
- ha tiltak for dei som fell utanfor boligmarknaden
- at kommunen skaffar utleigeboligar for dei som treng det mest
- satse på vidare utvikling av det lokalmedisinske senteret
- at brukarar skal alltid vere med i utforming og utvikling av velferdstenestene
- at pengar som løyvast til barnevern, skuler og barnehagar skal gå til desse, ikkje til å gjera kommersielle føretak og privatpersonar rike.
Skule og barnehage
I tronge økonomiske tider er det viktig å finne gode løysingar som sikrar gode læringsmiljø og gode arbeidsvilkår for dei tilsette. Derfor støttar vi dei strukturendringane som er vedtekne i denne perioden.
Sel SV vil:
- halde fram med tiltaka for tidleg innsats i barnehage og skule
- auke grunnbemanninga
- ha fleire barnehagelærarar
- ha godt utdanna fagpersonar til spesialundervisning
- at pedagogar får stønad til fagleg oppdatering.
Samferdsel
God, trygg og miljøvenleg transport er viktig for levande bygder.
Sel SV vil:
- arbeide for fleire togavgangar på Dovrebanen og hensiktsmessige busstilbod
- ha fleire sykkel- og gangvegar
- ha avlastingsveg forbi Rosten
- etablere terminal på Otta for omlasting av gods frå veg til jernbane.
Kultur
Kultur skapar trivsel og utvikling for innbyggjarane våre.
Sel SV vil:
- støtte eit allsidig og inkluderande idretts- og kulturtilbod i kommunen
- styrke kulturskuletilbodet
- auke tilskotta til dei frivillige organisasjonane
- oppretthalde kinotilbodet i kulturhuset, inkludert seniorkinoen.
EØS
EØS-avtalen har mange negative konsekvensar for Kommune-Noreg.
Sel SV vil:
- arbeide mot meldepliktsdirektivet, som vil la EU styre kva norske kommunar kan ta opp
- arbeide for oppseiing av EØS-avtalen.
