
Sosialistisk Venstreparti lanserte ein ny logo og visuell profil i august 2020. Denne logoen vart introdusert gradvis på digitale flater og trykksaker. Alt nytt materiell skal lagast med ny logo og fargeprofil. Her kan du laste ned designmanualen for ei fullstendig forklaring av den nye visuelle profilen, samt laste ned logopakkane på begge målformer og i ulike format.
Fargepalett

Primærpaletten består av seks fargar, tre nyansar i raudt univers, og tre fargar i grønt univers.
Mellomtonane er henta direkte frå logoen. Dei skal primært brukast til logo og store overskrifter. Unngå å bruke desse tonane på større flatar. Viss ein skal ha større flater med bakgrunnsfarge skal ein bruke enten ein mørktone eller lystone.
Mellomtonane oppfyller kontrastkrava for universell utforming på mørk- og lystonane så lenge dei blir brukt i riktig størrelse. På tekst vil dette seie større enn 18pt/px eller satt i «bold». Mengdetekst og andre små detaljar bør stå i mørktone på lystona bakgrunn eller omvendt.
Epostsignatur
Her finn du SVs standardoppsett for e-postsignaturar. SV brukar skrifttypen Arial i svart i skriftstørrelse 11. Me brukar logo med bakgrunnsfarge for å sikre leseleg tekst uavhengig av mørkemodus eller liknande. E-posten skal innehalde følgjande
- Namn (I feit skrift)
- Stillingstittel/tillitsverv
- SV – Sosialistisk Venstreparti
- Kontaktinformasjon
- Logo med slagord 250 px bredt (Kopier fra eksemplene under)
Diverre handsamar ulike epostklientar epostsignaturar ulikt. Me anbefaler at du kopierer eksempelsignaturen på ynskja målform, og limar inn i e-postklienten. Du skal ikkje lagra bildet for å så lasta opp.
Avhengig av klienten du brukar må du gjere etterjusteringar. Sjå over at skrifttypa er Arial og om det har vore noko automatisk fargeformatering til døme av epostadressa til lenkefarge.
Nynorsk
Vennleg helsing
Fornamn (Mellomnann) Etternamn
Stillingtittel
SV – Sosialistisk Venstreparti
din.epost@sv.no
+47 000 00 000
Bokmål
Vennlig hilsen
Fornavn (Mellomnavn) Etternavn
Stillingtittel
SV – Sosialistisk Venstreparti
din.epost@sv.no
+47 000 00 000