open menu

Kvifor SV fremjer mistillit i terroriskringssaka

SV meiner Regjeringa si handtering av saka om objektsikring er så alvorleg at vi vil gå for mistillit mot regjeringen.

Det er i hovudsak tre årsakar til at SV vil fremje mistillit mot Regjeringa si handtering.

1. Regjeringa har ikkje prioritert arbeidet med terrorsikring. Etter Riksrevisjonen ga ut ein kritisk rapport om dette som blei behandla våren 2017, har dei fortsatt ikkje prioritert dette arbeidet, viser Riksrevisjonens rapport nummer 2, som kom i vår.

2. Regjeringa har, fram til Riksrevisjonens fyrste rapport kom, feilaktig informert Stortinget om å vere i mål utan å rette dette opp.

3. Statsministerens forklaring i fjorårets høyring rundt kvifor dette kunne skje, viser seg å ha vore feil.

– Vi meiner dette viser at regjeringa si handtering av saka om objektsikring er så alvorleg at vi må konkludere med at vi ikkje har tillit til regjeringa i denne saka, seier Torgeir Knag Fylkesnes, som sit i kontrollkomiteen.

I dag gjorde KrF det klårt at dei likevel ikkje ønskjer å gå for mistillit, men derimot at regjeringa si handtering har vore sterkt kritikkverdig og svært alvorleg.

– Det var synd at det var dette synet som vant fram i Krf, og det kan tyde på at regjeringsiver avgjorde i denne alvorlege saken, seier Knag Fylkesnes, og held fram:

– Det er trist at regjeringen no slepp klare konsekvensar av at dei ikkje har sikra landet og gjett feil informasjon til folket og Stortinget.

Del dette