open menu

Dugnad mot plast

Strandrydding er bra og viktig. Men SV vil også ha politisk dugnad for å gjere noko med årsakene til plastforureininga.

I desse dagar ryddar folk over heile Noreg plast frå strender og natur. SV krev at Stortinget stiller opp i ein politisk dugnad for å gjere noko med årsakene til plastforureininga.

– Vi er alle skremde over at ein finn plast i magen på fisk og at sjøfuglen byggjer reir av plast. Om vi ikkje handlar no, kjem det til å vere meir plast i havet enn fisk i 2050. Politikken for å hindre at plastforureininga oppstår, er ikkje god nok, seier Lars Haltbrekken.

Tidlegare i år handsama Stortinget ei eiga stortingsmelding om avfallspolitikk. Der fekk SV gjennomslag for tiltak mot ei stor kjelde mikroplast, nemleg gummigranulat frå kunstgrasbaner. Innan 1. januar 2019 skal det innførast regelverk som påbyr effektivt oppsamlingsutstyr på alle kunstgrasbaner. Eit anna forslag om å fase ut bruken av gummigranulat fekk derimot ikkje fleirtal og det var det også mange andre forslag mot plastforureininga som heller ikkje fekk.

– SV vil bruke det enorme engasjementet mot plastureining til å jobbe for fleirtal for fleire gode tiltak enn det det no har vore mogleg å få til. Denne våren vil vi be Stortinget gjere vedtak som hindrar plastforsøpling å oppstå. Naturen er ingen søppelplass, og difor trengs betre regelverk på plass, seier Haltbrekken.

– No må ei produsentansvarsordning for fiskeri- og oppdrettsutstyr kome på plass, sidan dette er ei stor kjelde til forureininga av havet. Dette er ei ordning der produsentar og importørar må ta ansvar for produkta gjennom heile livsløpet. Stortinget må setje ein tidsfrist slik at ordninga er på plass innan 1. januar 2019.

SV foreslår også at ein innfører obligatorisk rapportering for tapte fiskereiskap ved både kommersielt og ikkje-kommersielt fiske

– SV vil også at ein skal utgreie forbod av nokre eingangsartiklar i plast, der gode alternativ fins, slik som eingangsbestikk, q-tips og sugerør. Dette fordi forbruksartiklar er noko av det vanlegaste ein finn på Strandryddedagen.

Eit anna forslag SV foreslår er å innføre pant på all plastdrikkeemballasje.

Haltbrekken meiner dessutan at kommunane kan gjere ein viktig jobb i kampen mot plasten.

– Kommunane speler ei viktig rolle fordi dei har ansvar for avfallshandteringa lokalt der ein kan sikre god avfallssortering og materialgjenvinning. I mange kommunar er det på gang handlingsplanar mot plastforsøpling. Kommunalt kan ein mellom anna sikre at gode hamneplanar er på plass, og ein kan fase ut all unødig engangsartiklar av plast i kommunale verksemder.

Foto: Flickr/Jedimentat44 (CC BY 2.0)

Del dette