Likestillings- og diskrimineringsnemnda skal frå neste år få makt til å gje oppreising og erstatning i saker om seksuell trakassering.
– Dette er eit historisk gjennomslag! seier SVs Freddy André Øvstegård, SVs familie- og kulturpolitiske talsperson på Stortinget.
– Personar som blir utsette for seksuell trakassering, har til no vore nøydd å ta saka til domstolane. Det er kostbart både økonomisk og personleg, og det endar svært sjeldan med dom. Derfor får vi no gjennomslag for å tette dette holet i rettstryggleiken for kvinner og sørgje for at det er overgriparen som må bere ansvaret for sine handlingar, ikkje offeret. I tillegg kan arbeidsgjevarar haldast ansvarleg, seier han.
SV har fremma eit representantforslag om tiltak mot seksuell trakassering i kjølvatnet av metoo-kampanjen.
Familie- og kulturkomiteen si innstilling har i handsaminga kome til semje om tre forslag:
- Styrkje rettleiings- og hjelpetilbodet til personar som blir utsette for seksuell trakassering. Tilbodet skal driftast av Likestillings- og diskrimineringsombodet.
- Sikre at seksualundervisninga i skulen inkluderer grensesetting og respekt av andre sine grenser.
- Avklare korleis spørsmål om seksuell trakassering skal takast inn i Elevundersøkinga eller andre undersøkingar i skulen.
– Haldningar knytt til eigne og andre sine grenser og respekt for andre sin kropp blir forma tidleg. Difor er det viktig at vi i skulen snakkar om dette i seksualundervisninga, seier Øvstegård.
– Det trengst meir kunnskap om seksuell trakassering på kvar enkelt skule, og spørsmål om temaet i Elevundersøkinga kan bidra til nettopp slik ny kunnskap, seier han