open menu

SV vil endre grunnlova

I dag gjekk fristen ut for å leggje inn grunnlovsforslag i denne stortingsperioden, og SV fremma ei rekke forslag.

Folket skal eige havet

SV føreslår at folket skal eige ressursane i havet, og at desse skal kome folket og lokalsamfunna til gode. Forslaget vil kunne sikre fortsatt verdiskaping langs kysten og stoppe privatiseringa av fiskeriressursane som me no ser. Les meir her og støtt gjerne forslaget ved å underskrive på folketshav.no.

Republikk

Det skal vere folkevalte som leier demokratiet i Noreg. Difor føreslår fleire SV-representantar å innføre republikk i Noreg. I tillegg til Snorre Valen og Kirsti Bergstø frå SV er Heidi Nordy Lunde (H), Iselin Nybø (V), Sveinung Rotevatn (V), Jette Christensen (Ap) og Truls Wickholm (Ap) med på forslaget.

Forbod mot atomvåpen

Atomvåpen er i dag ein trussel mot vår eksistens. Difor føreslår Kirsti Bergstø, Heikki Holmås og Audun Lysbakken frå SV at det skal stå i Grunnlova at det er forbode med atomvåpen på norsk jord.

Anderkjenne samane som folk

I dag er ikkje samane anerkjent som eit folk i Grunnlova, sjølv om Stortinget fleire gongar gjennom eit breitt fleirtal har slått dette fast. Det er eit breitt og solid fagleg grunnlag for å konkludere med at samane er eit folk etter FNs konvensjon om sivile og politiske rettar (SP) og FNs konvensjon om økonomiske, sosiale og kulturelle rettar (ØSK). Forslaget blir fremja av Kirsti Bergstø og Torgeir Knag Fylkesnes frå SV. Martin Kolberg (Ap), Helga Pedersen (Ap) og Abid Raja (V) er også med på forslaget.

Rett til bustad

Alle treng ein plass å bu. Utan bustad er det vanskeleg å få ein jobb, stifte familie og ta vare på helsa. Dette er eit grunnleggande og uunnverleg gode i Noreg. Difor fremjer SV forslag om at retten til bustad fastsetjast i Grunnlova.

Røysterett for 16-åringar

I dag kan ikkje ungdom røyste før dei fyller 18 år. Det er eit paradoks, når me veit at dagens 16- og 17-åringar har ei rekke plikter og rettar pålagt dei gjennom lov. Dette er lover som ungdom ikkje har same moglegheitar til å påverke gjennom val som andre vaksne har. SV føreslår difor å utvide demokratiet og gi 16-åringar lov til å røyste ved val i Noreg.

Skille kyrkja ut av grunnlova

Ein moderne stat bør ha ein konstitusjon som sikrar ei lik og rettferdig behandling av alle sine innbyggjarar uavhengig av tru og livssyn. Sjølv om det har blitt eit større skilje mellom kyrkje og stat dei siste åra, er Den norske kyrkje nyleg blitt grunnlovsfesta som Noregs folkekyrkje. SV føreslår å oppdatere Grunnlova slik at ho likebehandlar ulike trus- og livssynssamfunn.

Endre valdistrikta i Noreg

I Grunnlova er det slått fast at det er 169 medlemer av Stortinget, og at desse fordeles på 19 valkretsar basert på areal og folketal, og med eitt utjamningsmandat per fylke. No har Nord- og Sør-Trøndelag vedteke å slå seg saman, og det kan bli fleire fylkessamanslåingar framover. Snorre Valen (SV) har fremja ei rekke alternative forslag om endring av valdistriktene for å gi Stortinget høve til å ta stilling til dette i neste periode.

Kva skjer framover?

Dersom forslaga kjem inn i Grunnlova, vil dei lovene som er i strid med dette vike, og SVs forslag vil bli ståande i det som er den høgaste rettskjelda i Noreg. Forslaga vil bli behandla i neste stortingsperiode. Dei må få 2/3 fleirtal for å bli vedteke.

 

 

Del dette