Transport av varer og folk er den sektoren som slepp ut mest klimagassar i Noreg. For å styre mot nullutslepp-samfunnet, må vi endre heile transportsystemet i Noreg i tiåra som kjem. Reisene vi gjer og transporten vår av varer kan ikkje lenger forureine, meiner SV.
– Vi må planlegge samfunnet smartare slik at vi oftare kan reise kollektivt, eller gå og sykle. Dessutan må vi kvitte oss med det fossile drivstoffet som i dag driv bilar, bussar, båtar og fly. Det tek tid å legge om heile transportsystemet, og for å lukkast med utsleppskutt i 2030, må tiltaka starte no, seier miljøpolitisk talsperson i SV Heikki Eidsvoll Holmås.
SV-forslaga omhandlar alt frå nye sykkelmål, auka midlar til kollektivtransporten, virkemiddel for å fase inn landstrøm i hamnene og fase fossil energi ut av bilar, bussar, anleggsmaskiner og båtar, samt verkemiddel for å få gods over på jernbane og båt.
– For at klimapolitikken skal verte meir enn gode intensjonar, meiner SV partia på Stortinget må forplikte seg konkrete tiltak og verkemiddel. Dessutan treng vi forpliktande opptrappingsplanar og tidsfristar for å nå det store målet om nullutslepp lenger framme. SV fremjar difor 50 konkrete forslag, som ein meiner kan danne utgangspunkt for eit forpliktande klimaforlik for transportsektoren, seier Holmås.
Målet til SV er at Stortinget må legge føringar for det pågåande arbeidet med å utvikle ein ny nasjonal transportplan som skal gjelde for perioden fram til 2029. I arbeidet med dei 50 konkrete klimaforslaga, har SV nytta rapporten til Miljødirektoratet «Klimatiltak og utslippsbaner mot 2030. Kunnskapsgrunnlag for lavutslippsutvikling» der potensialet for utsleppsreduksjonar fram mot 2030 er greia ut. Stortinget skal handsame ny nasjonal transportplan neste vår.
Les alle SVs transportforslag her.