open menu

Berge Furre er død

-Det er med djup sorg vi har teke mot bodskapen om bortgangen til Berge Furre. Ein bauta i historia til SV og i norsk samfunns- og åndsliv er borte, seier Audun Lysbakken.

Den tidlegare leiaren i Sosialistisk Venstreparti Berge Furre sovna stille inn i går, 11. januar, etter å ha vore sjuk i lang tid.

Partiet vårt skuldar Berge Furre ei stor takk for den livslange innsatsen hans for rørsla vår og dei verdiane ho står for. Det er ein høvding som har fare bort, seier SV-leiar Audun Lysbakken.

-Berge Furre var ikkje nøgd med berre å vere historikar, han skapte også historie. Vi vil hugse han som ein av dei som skapte den moderne venstresida i Noreg, ein nytenkande og uredd politikar. Han sette spor etter seg på mange område i norsk politikk, frå EU-kamp og landbruk til internasjonal solidaritet og personvern, seier Lysbakken.

-Våre tankar er hjå familien til Berge i dag, og det er i forståing med dei vi no gjer nyhenda om bortgangen offentleg. For meg har Berge Furre og den politiske arven hans vore ein stor inspirasjon, og vi i SV vil minnast han med takksemd og glede, seier Lysbakken.

Bisetjing frå Nordberg kirke fredag 22.januar kl 15.00. Like kjært som blomar er ei gåve til MST, rørsla til dei landlause i Brasil. Kontonummer LAG 7874 05 53150. Merk innbetaling med «MST». Les meir om dei landlause her 

Foto: Tore Meek, NTB Scanpix

Del dette