open menu

På veg mot varig væpning?

Spørsmålet om væpning av politiet må behandles ope i Stortinget, seier SVs nestleiar, Bård Vegar Solhjell.

I snart ni månader har norsk politi bore våpen. SV fryktar at væpninga er i ferd med å gå frå å vere mellombels til å bli permanent. SV vil no fremme eit forslag i Stortinget om at dersom væpninga av politiet skal gå ut over eitt år, må den bli behandla av Stortinget.

  • Det er ikkje akseptabelt at vi sklir over i ei slags varig, mellombels væpning, utan at Stortinget har behandla det, seier nestleiar i SV Bård Vegar Solhjell.

Solhjell er kritisk til måten justisminister Anders Anundsen har handtert spørsmålet om mellombels væpning. Ved fleire høve, sidan desember i fjor, har Anundsen blitt beden om å gjere greie for saka i Stortinget, både av samarbeidspartia og opposisjonen. Det har vore som å snakke til ein vegg, å få svar frå frå regjeringa i dette spørsmålet, seier Solhjell.

  • Det sit langt inne å fremje eit forslag i Stortinget om eit tryggleiksspørsmål, men eg meiner det er nødvendig no. Det er uforståeleg at Anundsen ikkje ønsker å halde ein tett dialog med dei folkevalde i eit så viktig spørsmål med så store konsekvensar for samfunnet.

SV vil at væpning av politiet må vere forankra i Stortinget. Det gir openheit, offentleg debatt og kunnskap til befolkninga om kvifor tiltaka er innførte, seier Solhjell.

  • Eg trur ikkje at ei mellombels væpning gjer oss tryggare. Det kjem god kritikk mot væpninga frå mange hold, utan at svaret frå Anundsen og regjeringa er overtydande.

Gitt justisministerens manglande handtering av denne saka, gjer SV no noko som er uvanleg i tryggleiksspørsmål: fremjar forslag om det i Stortinget. SVs forslag er at mellombels væpning ikkje kan overstige eitt år utan vedtak i Stortinget. I tillegg må regjeringa ta skritt for å syte for at politiet har nok kompetanse og trening med skytevåpen til å unngå ulykker, sånn som vådeskudda ein har sett den siste tida.

Del dette