Alvorlege feil bør få konsekvensar for den som er ansvarleg, det var bodskapen til SVs Bård Vegar Solhjell, da Stortinget i dag behandla mistillitsforslag mot justisminister Anders Anundsen (Frp). Solhjell har vore saksordførar for saka.
President, dette er ei veldig alvorleg sak. For det fyrste handlar dette om ekte menneske, om ekte barn som får si skjebne bestemt av Stortinget. Asylbarn er ei av dei mest sårbare gruppene i samfunnet vårt. Mange har flykta frå krig. Mange har levd liva sine utan å vite kor i verda dei vil vere neste år. Dei har ikkje den tryggleiken klassekameratane har på at dei har ein trygg heim i framtida. Vi skuldar alle dei barna at Stortingsfleirtalet tar sine avgjerder basert på balansert og korrekt informasjon.
For det andre handlar dette om korleis demokratiet vårt fungerer. Stortinget må kunne stole på at regjeringa gir balansert og fullstendig informasjon om viktige saker. Det er statsrådane sjølv som har ansvar for å sikre at informasjonen dei får frå sine underliggande organ er korrekt. Og objektivt sett er det brot på opplysningsplikta dersom ein vidareformidlar uriktig eller villeiande informasjon til Stortinget.
Eg meiner statsråden har bidratt til å villeie Stortinget, og på minst eit punkt gitt Stortinget uriktig informasjon. På den måten har han ikkje overhaldt sin opplysningsplikt slik den følgjer av Grunnlovas paragraf 82.
Solhjell sa at justisministeren har brutt opplysningsplikta på tre vis:
- Justisministeren har fortalt Stortinget om en «klar politikkendring» som ikkje vart sett ut i livet. Den fremstillinga Stortinget blei gitt stemte ikkje, og det vart ikkje gjort vesentlige forsøk på å få den til å stemme.
- Justisministeren svarte Stortinget på gjentatte spørsmål om lengeværende asylbarn høsten 2014. I desse svara var viktig informasjon utelatt.
- Etter at saken vart offentleg, og kontrollkomiteen stilte spørsmål om den, har Justisministeren også gitt fleire uriktige opplysninger til Stortinget. Han har forklart at politikkendringa blei forstått av politiet. Det stemmer ikkje. Seinere forklarte han at dei høge talla på returnerte, lengeværende barn til Afghanistan skyldtes at «det åpnet seg en mulighet». Men det er ingenting som tyder på at det åpna seg ein mulighet.
«President, på denne bakgrunn har eit mindretal i komiteen frå SV, Senterpartiet og Arbeiderpartiet konkludert med at vi ikkje har tillit til statsråd Anders Anundsen», sa Solhjell.