open menu

SV får gjennomslag mot barnearbeid

I dag fekk SV eit gledeleg gjennomslag på Stortinget! Stat og kommunar får ikkje lenger kjøpe varer produsert av born eller under uverdige arbeidstilhøve.

I dag tilsutta Stortinget seg samrøystes SVs forslag mot barnearbeid og uverdige arbeidstilhøve i vareproduksjonen i verda. Regelverket for offentlege innkjøp må endrast for å sikre at det blir stilt krav om å sikre grunnleggande arbeids-og menneskerettar.

– SV er kjempeglad for støtta i Stortinget. Offentleg sektor har stor marknadsmakt, og denne må bli nytta for å endre verda til det betre. No skal eit nytt regelverk på plass som sikrar at slike krav skal bli stilte, seier stortingsrepresentant Heikki Eidsvoll Holmås.

Tvungen overtid, uregulerte arbeidsvilkår, svært låge lønningar og undertrykking av fagforeningar skjer ofte i den globaliserte vareproduksjonen. Stortingsdebatten fann stad to år etter kollapsen på tekstilfabrikkane i bygningen Rana Plaza i Bangladesh der 1.138 arbeidarar døydde. Tilhøva i den globale vareproduksjonen kom også i søkelyset då den indiske menneskerettsaktivisten Kailash Satyarthi i fjor vann Nobelprisen. Han minna verda om dei 168 millionar borna som står kvar dag opp for å gjere seg klare til å gå på arbeid. Meir enn halvparten av borna jobbar under farlege tilhøve.

Ein gjennomgang Framtiden i våre hender og Initiativ for etisk handel har gjort, viser at svært få offentlege institusjonar stiller krav om at grunnleggande arbeids- og menneskerettar blir tatt omsyn til, når dei kjøper inn varer. Eit unntak er Helse Sør-Øst, ein offentlig instans som har gått foran og stilt krav om at grunnleggande arbeids- og menneskerettar skal bli  respekterte når varene dei kjøper inn vert produserte. Dette er svært viktig når vi veit at import av kirurgiske instrument skjer frå land der risikoen for barnearbeid og uverdige arbeidsforhold er stor.

– SV er opptekne av at regjeringa ser til at regelverket blir følgd. Då må ein syte for at dei som står for  offentlege vareinnkjøp, har kompetanse på, og kunnskap om, grunnleggande arbeids- og menneskerettar. Stortinget har no påpeika at tiltak for skulering og god opplæring må på plass, seier Holmås.

Det nye regelverket for offentlege innkjøp er no ute på høyring.

Del dette