open menu

Skal di stemme telja?

Demokratiet blir no sett under press frå internasjonale selskap og rike lands regjeringar. I hemmelege forhandlingar om to gigantiske handelsavtalar, TISA og TTIP, risikerer vi at stemma di blir mindre verd, sjølv om vi framleis held val i Noreg.

Vi kan få

  • forbod mot å gjera om avgjerder om privatisering
  • krav om giganterstatningar frå internasjonale selskap dersom vi lagar betre lover for helse, miljø eller arbeidstakarar 

SV krev full openheit om forhandlingane, og at Noreg ikkje forpliktar seg til avtalar som set demokratiet til side.

Laurdag 18. april aksjonerte vi over heile landet for å informera om og protestera mot desse avtalane.

Handelsavtalen for tenester TISA (Trade in Services Agreement) har som mål å auke handelen med tenester, og vil kunne auka privatisering og konkurranseutsetting av offentlig sektor. Gjennom det som har komme fram til no ser vi at TISA vil opna døra for internasjonale selskap som vil tena pengar på norske velferdstenester som utdanning og helse. TISA vil også binda opp privatisering for all framtid fordi ein då ikkje kan laga «nye hinder for tenester».

Det transatlantiske handels- og investeringspartnerskapet TTIP trugar standardane våre for matproduksjon, forbrukarvern, miljø og arbeidsliv. Målet med avtalen er auke handelen mellom EU og USA. Dette skal mellom anna gjerast med å «harmonisera» reguleringar for selskap. I mange tilfelle vil då dei lågaste standardane leggast til grunn. Selskapa får rett til å delta i utforminga av nye lover og reglar. Det største problemet med avtalen er likevel at det er planer om å gi selskapa rett til å saksøka statar for lover som reduserer den framtidige profitten deira.

Den norske regjeringa er med i forhandlingar om TISA. TTIP er ein avtale mellom EU og USA. Han kan koma til Noreg via EØS, eller ved at Noreg knytt seg direkte til avtalen.

 

Les meir:

Internasjonal aksjonsside

SVs landsmøtevedtak om TTIP og TISA

Fagforbundet om TISA

Attac om TISA

Attac om TTIP

Nei til EUs kunnskapsbank om TTIP og TISA

For velferdsstaten om TISA og TTIP

Del dette