open menu

– Gruvesaker må til Stortinget

SV og Venstre foreslår at store saker om gruvedrift og fjorddeponi, som planleggast i Førdefjorden og Repparfjord, må handsamast av Stortinget.

Tidlegare miljøvernminister Bård Vegar Solhjell (SV) og Ola Elvestuen (V), leiar i energi- og miljøkomiteen på Stortinget, har i dag levert eit felles representantforslag i Stortinget der dei foreslår at sakene om sjødeponi for gruveavfall i Førdefjorden og Repparfjord må handsamast av Stortinget.

– Å seie ja eller nei til sjødeponi for gruveavfall er avgjerande spørsmål for lokalmiljøa rundt fjordane, og for miljøet i fjordane. I Norge har vi ein demokratisk tradisjon for at det er dei folkevalde på Stortinget som best kan vege ulike interesser mot kvarandre i særlig viktige saker, seier Bård Vegar Solhjell.

Miljødirektoratet har konkludert med at de miljøfaglige omsyna tilseier at innsigelsen som er reist mot planane om å deponere gruveavfall i Førdefjorden bør takast til følgje. Direktoratet har uttala at vektinga mellom motstridane interesser i denne saken er ei politisk vurdering.

– Spørsmålet om sjødeponi for gruveavfall er ein sak der store interesser står mot kvarandre. Fiskeri, sjømat og reiseliv er næringar som er avhengige av reine fjordar og et godt internasjonalt omdømme, og som kan verte skadelidande ved utslepp av gruveavfall. På motsett side har gruvenæringa behov for rimeleg avfallshandtering, seier Ola Elvestuen.

SV og Venstre foreslår følgande i Stortinget:

  1. Stortinget ber regjeringa etablere ein praksis om at saker som omhandlar store gruveutbyggingar der vesentlege interesse står mot kvarandre skal leggast fram for Stortinget for endeleg avgjerd.
  2. Stortinget ber regjeringa legge fram saka om gruvedrift og sjødeponi i Førdefjorden for Stortinget før innsigelse i reguleringsplan og utsleppsløve vert slutthandsama.
  3. Stortinget ber regjeringa om at saken om gruvedrift og sjødeponi i Repparfjord leggast fram for Stortinget før utsleppsløyve vert slutthandsama.

 

 

Del dette