168 millionar born står kvar dag opp for å gjere seg klare til å gå på jobben. Meir enn halvparten av borna jobbar under farlege tilhøve. Nobelprisvinnar Kailash Satyarthi har vore ein sentral aktivist for å få på plass konvensjonen om forbod mot og umiddelbare tiltak for å avskaffe dei verste formar for barnearbeid, ILO-konvensjon nr. 182.
– Kampen mot barnearbeid er ei av vår tids viktigaste globale utferdingar, uttalte statsminister Erna Solberg da Nobelprisen til Satyarthi vart kjent. No er det tid for å vise handling.
– SV ønsker å hindre at gode og seriøse leverandørar taper anbudskonkurransar fordi det offentlige ikkje etterser at prisen ein får tilbod om speglar lovlege og anstendige arbeidsforhold. Difor foreslår vi å skjerpe inn regelverket slik at brot på grunnleggande arbeids- og menneskerettigheter ikkje kan nyttast som konkurransefordel for selskap som sel varer til det offentlege, seier stortingsrepresentant Ingunn Gjerstad. Ho er ein av dei fem forslagsstillarane frå SV.
Offentleg sektor har marknadsmakt og høve til å stille krav for varene som ein etterspør. Helse Sør-Øst er ein offentlig instans som har gått foran og stilt krav om at grunnleggande arbeids- og menneskerettar skal respekterast når varene dei kjøper inn vert produsert. Dette er svært viktig når vi veit at import av kirurgiske instrumenter skjer frå land der risikoen for barnearbeid og uverdige arbeidsforhold er stor.
Ei gjennomgang gjort av Framtiden i våre hender og Initiativ for etisk handel viser at likevel at svært få offentlige instansar stiller krav som Helse Sør Øst. Det er årsaka til at SV i dag foreslår at Stortinget ber regjeringa om å foreslå endringar i regelverket for offentlege innkjøp.
– Undersøkingar viser også at norske folk har høge forventningar til at det offentlige skal sørge for at varene de kjøper inn er laga under forsvarlege tilhøve. Vi aksepterer ikkje barnearbeid, tvangsarbeid og farlige arbeidsplasser. Fleirtalet av folket meiner at det med dagens offentlige regelverk ikkje vert gjort nok for å sikre ansvarlige innkjøp, seier stortingsrepresentant Ingunn Gjerstad.
Slik ønskjer vi å hindre at gode og seriøse leverandører taper anbudskonkurransar fordi det offentlige ikkje etterser at prisen ein får tilbod om speglar lovlege og anstendige arbeidstilhøve.