open menu

Røystar mot frihandelsavtale med Colombia

– Colombia er eit av dei farlegaste landa i verda å vere fagorganisert i. Difor kan vi ikkje stø frihandelsavtala med landet, seier Bård Vegar Solhjell.

Regjeringa føreslår at Noreg ratifiserer ein frihandelsavtale med Colombia. SV kjem til å røyste mot avtala på Stortinget i dag.

– Situasjonen for menneskerettar og arbeidstakarar i Colombia er alvorleg. Talet på drepne fagorganiserte, menneskerettsaktivistar og leiarar i bonde- og urfolksorganisasjonar opp frå 2012 til 2013. Då blir det feil om Noreg inngår ein frihandelsavtale med landet, seier SVs utanrikspolitiske talsperson, Bård Vegar Solhjell.

Fagrørsle og sivilsamfunn i Colombia og Noreg har uttrykt sterk motstand mot avtala. SV meiner at regjeringa bør føre ein samstemt nærings-, utviklings- og utanrikspolitikk overfor Colombia, der respekt for menneskerettar er gjennomgåande integrert.

Colombia avviste ei forpliktande avtale med Noreg om menneskerettar og arbeidstakarrettar. Den norske regjeringa har i staden inngått ei uforpliktande avtale om jamlege samtalar med Colombia.

– Det er positivt med dialog om menneskerettar mellom Colombia og Noreg, men denne gir verken høve til å monitorere eller sanksjonere utviklinga av situasjonen for menneskerettar og arbeidarrettar framover. Då er ikkje denne avtala sterk nok til å gjere oss trygge på at arbeidstakarane i Colombia sine grunnleggande rettar blir respekterte, seier Solhjell

Colombia er eit av landa i verda med flest interne flyktningar og eigarskap til jorda er svært skeivt fordelt.

Del dette