open menu

Vil betre levekåra for tiggarar

SVs Bård Vegar Solhjell vil ha styrka sosiale tiltak for tiggarar.

– Det er veldig alvorleg at det blir innført tiggeforbod i Noreg. Vi kan ikkje møte fattigdom med straff. Når regjeringa og Senterpartiet likevel vel å gjere det, er det enno viktigare enn før at dei sosiale tiltaka for tiggarar blir styrka, seier Bård Vegar Solhjell, nestleiar og justispolitisk talsperson i SV.

Solhjell føreslår difor no i Stortinget at potten som frivillige organisasjonar kan søkje på, som skal gå til humanitære tiltak for tiggarar, skal bli auka frå 10 til 20 millionar i året. Denne potten blei oppretta av SV i regjering i 2013 og går til humanitære strakstiltak som overnattingsstadar, toalett og liknande til tiggarar som har behov for det.

– Ingen ynskjer at menneske må tigge, men dette fritar oss ikkje ansvaret for å sikre alle menneskjer et minimum av verdighet når folk ein gong er i den situasjonen, seier Solhjell.

I tillegg til å styrke dei akutte tiltaka, meiner Solhjell at det også trengst meir langsiktige sosiale tiltak for tiggarar. Difor ber også SV om at mandatet for denne potten blir utvida, slik at pengane også kan gå til meir langsiktige prosjekt, som rådgivingstiltak og arbeidsretta tiltak.

– Det er eit stort behov for å sikre at tilreisande EØS-borgarar blir møtt med god informasjon om dei reelle muligheitane for å komme inn i arbeidsmarknaden no som tigging ikkje er lovleg, seier Solhjell. SV ber også regjeringa auke andelen av Noregs EØS-kontingent som går til tiltak for romfolk i Aust-Europa.

 

Del dette