open menu

Endeleg grunnlov på nynorsk!

I dag 6. mai avgjorde Stortinget at Grunnlova får ein jamstilt versjon på nynorsk. – Eit historisk vedtak og ein siger for målrørsla, seier SVs Karin Andersen.

For fyrste gong kan du no lese Grunnlova på nynorsk, i ein moderne versjon slik Graver-utvalet føreslo.

–          SV har lenge jobba for ei Grunnlov på moderne språk, og jamstilte versjonar på begge målformer. Endeleg fekk vi på plass ein nynorsk versjon av Grunnlova, seier Karin Andersen.

Den nynorske versjonen av Grunnlova blir den mest moderne, då Stortinget vraka Graver-utvalets forslag til ny tekst på bokmål til fordel for Finn-Erik Vinje sitt meir moderate forslag.

–          Grunnlova skal vere til for folk, ikkje for eliten. Eg er nøgd med at bokmålversjonen òg blir meir forståeleg for folk flest, men skulle helst sett at han kom i like moderne språkdrakt som nynorskversjonen, påpeikar Karin Andersen.

Ho varslar at SV vil fortsette arbeidet med ei moderne grunnlov som folk forstår.

–          Språk er makt, og klårt språk er avgjerande i alle lover. SV vil derfor på nytt fremje forslag om ei Grunnlov på tidsmessig bokmål, slik at det neste Stortinget kan fullføre moderniseringa vi har starta i dag, avsluttar Andersen.

Del dette