open menu

Ber bystyret trygge kvinners rettigheter

I går la Høyre frem sitt forslag om svakere rettigheter for kvinner, gjennom å åpne for at leger skal få nekte å henvise til abort. SVs Oddny Miljeteig tar saken til bystyret i Bergen.

– Forslaget vil skape ulikhet for loven, og overlater til den svake part, altså kvinnen, å ta seg frem i landskapet og tåle innskrenkninger mot det som er hennes lovfestede rett, sier Miljeteig.

 

Her kan du lese spørsmålet fra Miljeteig:

Skal Bergen kommune stå opp for kvinners rett til sjølvvald abort?

I går tysdag sende regjeringa ut på høyring forslaget til den nye, omstridde lova som skal gje fastlegar rett til å nekta å visa pasientar til abort.

I høyringsnotatet går det fram at:

–          Kommunane står fritt til å seia nei til at legar reserverer seg

–          Kommunen kan trekkja attende reservasjonshøvet dersom det ikkje er andre legar å byta til i nærleiken og som har ledig plass på sine lister

–          Fastlegen skal informera alle pasientane sine på si liste om reservasjonen straks ein slik avtale er inngått, til dømes i brev

–          Kommunen sine innbyggjarar skal ha lett tilgang på informasjon om kva legar som reserverer seg gjennom nettsida Minfastlege.no og fastlegetelefonen

–          Fastlegen som reserverer seg må syta for at pasientar som vurderer eller ynskjer tilvising til abort får tilbod om konsultasjon hos annan fastlege i nærleiken seinast innan neste verkedag.

I historia om vegen fram til lovfesting av sjølvvald abort i 1978 løyner det seg smertefulle, skamfulle, tabubelagde og helseskadelege livserfaringar for tusenvis og atter tusenvis av kvinner i Noreg.  «Aldri meir strikkepinnar!» er ein parole som seier alt for denne spørjaren.  Aborttala held seg stabile uansett lovgjeving, i Noreg og i andre land – det er kvinnenes liv og helse det står om. Dess større innskrenkingar i abortrettane, dess større dødelighet ved (illegale) abortar.

Vi kan stridast om kor mange kvinner reservasjonsretten vil råka. Det veit vi faktisk ikkje.Ikkje helseministeren heller. Aftenposten har sendt epost til norske kommunar for å finna ut kor utbreidd tilvisingsnekt er blant norske legar. Mange kommunar nekta å svara. Det finst inga oversikt. Ergo er det vanskeleg kor omfattande dette er og vil bli med nytt lovverk.

Helseministeren er tydeleg på at prevensjon og assistert befruktning ikkje er ein del av nekte-grunnlaget. Men samstundes som forslaget  vart kjent, kom det nye krav frå «reservasjonslegane» om å få endå fleire reservasjonsmuligheter og til å nekta ulik prevensjon.  Etter spørjaren sitt skjøn viser dette at Høie med dette har opna døra for alvorlege åtak på kvinners rettar. Spørjaren er ottefull for at reservasjonslegars rettar vil gå framfor kvinners rett til god helse og trygge liv.

Uansett vil reservasjonsretten vel vera fyrste gongen i Noreg at pasientrettar vert innskrenka i staden for utvida.

Helseministeren prøver å lata som om det er ein slags skilnad på «reservasjonsrett» og «reservasjonsmulighet», og han framstiller det faktisk som om han vil rydda opp. Det han faktisk gjer, er å vilja velsigna i lovs form ein praksis som til no har vore ulovleg:

Med dette forslaget vil legar med lova i hand kunna nekta å henvisa abortsøkjande kvinner. Den slags moralsk fordømming burde ein få sleppa i det norske helsevesenet! Men helseministeren syter for at det vert den einskilde kvinne sitt ansvar å unngå reservasjonslegane.  Det gjev ulikskap for lova, og det vert aller tøffast for dei som er i dei vanskelegaste livssituasjonane.

Det har vore innvendt at reservasjonslegane er få, og at dei burde bli innvilga ein slags «dissidentrett.» Dette har spørjaren kome til er å snu problemet på hovudet. Det er ikkje legen som er den svake part når ei kvinne søkjer om abort. Det er faktisk den abortsøkjande kvinna.

Det har også vorte sagt at problemet vil vera reelt berre i små kommunar. Dette meiner spørjaren også er feil. Anten må kommunen kunna tilby alle innbyggjarar same fastlegetilbod – elles er det ikkje likskap for lova, og den lovfesta retten til sjølvvald abort vert undergraven.

No har helseminister Høie gjeve alle kommunar rett til å seia nei til at fastlegar i kommunen kan reservera seg. Spørjaren håpar at byrådet og bystyrefleirtalet vil gje Bergens kvinner den garantien.  Helseministeren har sagt nei til ein søknad frå Helse Bergen om ei brukarromsordning – utan at søknaden er send.  Når det gjeld spørsmålet om sjølvvald abort og reservasjon, meiner  spørjaren at det er ei atskilleg betre opplyst problemstilling enn den helseministeren har sett ned foten for. Difor er det med eit nokså stort frimod eg utfordrar byrådet om å ta eit ubyråkratisk standpunkt om å stå på kvinners rett til sjølvvald abort – utan innskrenkningar.

Spørsmål: Vil byrådet  tryggja  retten til sjølvvald abort for kvinner i Bergen ved ikkje å ta i bruk reservasjonsretten for legar?

 

Del dette