open menu

Vil tena Bergen og Hordaland til ære

Vegen til raudgrøn regjering går gjennom SV – og faktisk gjennom Sara Bell frå Bergen. Kvar røyst kan avgjera.

Det kvesser seg til i valkampen. Ikkje minst her i Hordaland. Er det Høgre eller Framstegspartiet – eller Sosialistisk Venstreparti som skal få valt inn det siste direkte mandatet frå Hordaland? Er det Kari Eskeland frå Høgre eller Silje Hjemdal frå FRP – eller fagforeiningskvinna Sara Bell frå SV som skal stå med fast stortingsplass når alle røyster frå Hordaland er talde opp? Det er ikkje likegyldig. Ikkje for oss i Bergen, ikkje for oss i Hordaland – eller for heile Noreg. Sistemandatet i Hordaland kan avgjera om det vert raudgrøn gjering. Vegen til raudgrøn regjering går gjennom SV – og faktisk gjennom Sara Bell frå Bergen. Kvar røyst kan avgjera.

Eg likar ikkje ulne omgrep eller omgrep som har mist tydinga si. Sara Bell minner oss alle på den opphavelege tydinga av omgrepa rettferd og solidaritet. Leiaren for Fagforbundet i Bergen, altså Sara, har gjennom eit tiårs verke vist at desse heidersomgrepa i fagrørslas historie er den moderne fagrørslas kjerne.

SV sviv høgt på meiningsmålingane. Over 10 prosent har partiet på siste måling. Det er over halve livet til ein fyrstegongsveljar sidan sist. Eg har fylgt politikken i heile mitt vaksne liv. Det må vel vera 50 år etterkvart, lenger enn Sara har levd. Ho er likevel ei vaksen dame og slett ingen broiler.

Sara har vore aktiv og aktivist frå tidleg ungdom av, i Bergen og København – og i vaksen alder i Bergen igjen. Tenåringen var husokkupant og kjempa for sjølvstyrt ungdomshus, på Nordnes meiner eg det var. Ho gjekk i klinsj med høgreekstreme. Ikkje ved skrivebordet, men i gatene.

Kor starta engasjementet og aktivismen? Kanskje må vi hundreår attende, til Australia den gongen då klasseskilnadene der var enorme og England skipa båtlast etter båtlast med samfunnets utstøytte til denne nye verdsdelen? Sara er nemleg australsk av opphav og har australsk mor (som har budd i Bergen i ein kvinnsalder og to):

«Jeg er 7. generasjons australsk kvinne. Den første het Isabella Carruthers, 

var fra Nord-Irland og ble tatt for innbrudd hos en frisør på isle of Man i fylla.

For det fikk hun 3,5 år i et middelaldersk fengsel, så 7 år med tvangsarbeid i Van Diemens land, hvor hun startet opptøyer, stakk av, og havnet på isolasjon. Hun fikk sin frihet etter 7.5 år med tvangsarbeid, giftet seg med en tyv fra London og levde til hun var 81. Barnebarnet hennes, Sarah Flood (giftet seg Bell) ble en av Australias første kvinnelige oppfinnere og ingeniører.»

Ei kvinnehistorie med krut i! Og ikkje mindre krut er bakgrunnen til Sara frå jobb i akuttbarnevernet.  Fagforbundet skriv at nett det har vore med og gjeve Sara innsyn i kor kort avstanden er frå eit liv innafor til eit liv utanfor.

Som fagforeiningsleiar har Sara teke kampen for fleire heile og faste stillingar og høgare bemanning/-kvinning. Berre slik «kan ansatte i helse- og omsorgssektoren få økonomisk frihet.» På siste dagen i Fagforbundet sitt landsmøte i 2013 fekk Sara gjennomslag for skjerping av kvinneprofilen i Fagforbundets handlingsprogram. «Heltid må bli det normale, deltid unntaket,» siterte forbundet henne på heimesida si. Landsmøtet var samde med Sara – og gjekk inn for å lovfesta retten til heiltid. Det var eit sprang for Fagforbundet.

«Vi ville aldri klart å skape en velferdsstat uten den høye deltakelsen av kvinner i det norske arbeidslivet. Det er ikke oljeformuen, men vår egen arbeidsinnsats som er grunnlaget for hele velferdsstaten. Det er det som er den økonomiske garantien for velferden vår. Likevel arbeider nesten halvparten av norske kvinner deltid. Å være deltidsansatt er å være deltidsarbeidsledig. Kvinner, og for den saks skyld menn, som jobber deltid mangler økonomisk selvstendighet….Dessuten får deltidsutsatte kvinner en uforutsigbar fritid og blir pensjonstapere. Personlig skulle jeg ønske at Fagforbundet trappet opp kampen for 6-timersdagen.» Alt dette og meir til frå Fagforbundslandsmøtet i 2013. Og slik har Sara halde fram til i dag å vera ei av dei tydelegaste fagforeiningsdamene i landet.

Ingen er tøffare fagforeiningstillitsvald enn Sara Bell. Det trengst når det er kvinnene (og menn) på golvet det skal kjempast for. Orange helse, bemanningsbyrået, vart svært lite glade i Sara. Bergen kommune sa opp avtalen med byrået etter at Sara hadde stått i spissen for å få avdekka at Orange helse ikkje hadde betalt tilsette timeløn etter tariff, brote kviletidsreglane og hadde ulovlege bestemmelsar i arbeidskontraktane.

Sara stiller til val for å få auka sosialhjelpssatsane på landsplan, for alle kommunar – slik SV har fått gjort det i Bergen. Kampen mot fattigdom må starta med dei som har aller minst. Aksjonssgruppa mot sosial nød i Bergen har rekruttert mange til kampen mot fattigdom. No kan dei og vi få Sara på Stortinget.

Sjølvsagt er Sara Bell kåra til «Bergens tøffaste jente» – av Kvinneaktivistane i Bergen i 2017.  Den utnemnninga kunne Sara for så vidt ha fått kvart einaste år. Ho har vore feminist og kvinnesaksforkjempar i fremste rekkje, det vere seg gjennom verv i fagrørsla, i SV eller som deltakar i ei brei kvinnerørsle. Hand i hand med feminismen går engansjementet hennar mot rasisme. Som kampen for rettferd for Eugene Obiora, som døydde av behandlinga han fekk av politiet i Trondheim. Sara tok kampen for rettferd for Obiora.

Synest du at det er i meste laget frimodig å nytta BA-spalta til å agitera for andrekandidaten på SV si stortingsliste? Ikkje når det står om raudgrøn regjering, raudgrønt fleirtal og Hordalands tøffaste fagforeiningsdame. Då berre må det bli slik denne veka. Det vil tena Bergen og Hordaland til ære om vi faktisk sender vår tøffaste fagforeiningsdame, Sara Bell, til Stortinget.

Oddny I. Miljeteig

Del dette